Photo by Karstein Winegeart on Unsplas
Halloween er det engelske namnet på allehelgensaftan, natta før
allehelgensdag. Halloween har utvikla seg til ei høgtid der ein tek for
seg døden og skumle idear i form av utkleding og pynt. Halloween blir
som regel feira 31. oktober
Til halloween knyter ein ofte skumle eller makabre element, som hekser,
attergangarar, skjelett, flaggermus og svarte kattar. Det viktigaste
symbolet er blitt jack-o'-lantern, eit graskar med utskore fjes og eit
levande lys inni. Det er vanleg å kle seg ut, gjerne som noko
skremmande, og halda selskap i samband med halloween. Særleg i USA er
det vanleg for små ungar å gå husimellom og be om godteri, ein skikk som
også har spreidd seg til andre land. Ein kan også brenna bål, dukka
hovud etter eple, vitja skremmande attraksjonar eller sjå skumle filmar.
| Utkledingsselskap er ein historisk tradisjon | |
|---|---|
| Tradisjonelt | Skumle figurar som monster, vampyrar, skromt, skjelett, hekser og djevlar |
| Moderne tid | Mindre morke figurar som kjendisar, oppdikta figurar, piratar og prinsesser |
| I Norge | 'HalloVenn' har blitt innfort som eit meir koseleg eller posetivt alternativ |